Derfor har vi skotår

Dagen i dag finst berre i kalenderen kvart fjerde år.

I år er det skotår. Det vil seie at året har 366 dagar, i staden for 365 dagar. Februar får ein ekstra dato, som er dagen i dag, 29. februar.

Jorda brukar cirka 365,2422 dagar på ein runde rundt sola. Dette kallar vi eit solår.

Men solåret stemmer ikkje heilt med kalenderen vi bruker. Derfor får kalenderåret ein ekstra dag kvart fjerde år, skriv Store norske leksikon.

Vi har skotår kvart fjerde år. Neste skotår er i 2028.

Unnataket er hundreåra (1700, 1800, 1900 osb.), som ikkje har skotår med mindre dei også er delelege med 400 (1200, 1600, 2000, 2400 osv.). Det var såleis skotår i 2000, men skotåret fell bort i 2100.