Grisunge redda etter å ha blitt kasta som fotball under karneval

Grisen har no fått løfte om å aldri hamne på middagsbordet.

I februar var det Mardi Gras i New Orleans. Mardi Gras er ei karnevalsfeiring med ein stor parade. Mens paraden gjekk i gatene, oppdaga ein person at nokon menn i ein park ved sidan av lo og kasta på noko som såg ut som ein mini-fotball.

Det var ikkje noko fotball, men ein redd grisunge. Personen som såg dette, redda grisungen og tok han med seg, skriv The Guardian.

Fekk løfte om å ikkje bli spist

No har grisungen fått namnet Earl «Piglet» Long, blitt adoptert og fått ein ny heim på ein gard i området. Grisungen har også blitt benåda i ein seremoni av guvernøren Billy Nungesser. Å benåde vil seie at grisen fekk eit løfte om å ikkje hamne på middagsbordet.

– Han vil leve livet sitt utan trugsel om å bli kasta som ein fotball eller bli ein del av jambalaya eller boudin i nokon sitt kjøkken her i Lousiana, sa Nungesser.

Jambalaya og boudin er to lokale matrettar som inneheld svinekjøtt.