Byrådet i Bergen vil ikkje omdøype Festplassen

Det blei nei fra Byrådet til å endre namn på Festplassen til Jon Fosses plass. Dei vil heller ikkje kalle opp ein anna plass eller gate etter nobelprisvinnaren.

Senterparti-medlemmar har foreslått at nobelprisvinnar Jon Fosse skal få ein plass kalla opp etter seg i Bergen. Men byrådet vil ikkje kalla opp verken gate eller festplass fordi forfattaren er levande. Det vanlege er nemleg å kalla opp plassar og gater etter daude personar.

I tillegg forklarar byrådet avgjersla si med at bystyret i 2021 bestemte at ein helst bør gi gater og plassar namn etter kvinner ei stund framover, skriv Bergensavisen.

Jon Fosse har skrive rundt 70 verk, både romanar, forteljingar, dikt, essay og skodespel. Utgjevingane er omsette til over 50 språk og sett på scenen i nærare 500 teaterproduksjonar.