Kor gode er nordmenn i engelsk?

Ei undersøking viser kor gode menneske i ulike land er i engelsk.

Den internasjonale språkskulen EF har sidan 2011 testa engelskkunnskapar frå menneske i 113 land. I landa i undersøkinga er ikkje engelsk hovudspråket. Resultata av testen har dei samla i ein rapport. Det skriv forskning.no.

To millionar vaksne har tatt testen. I fjor kom Noreg på 5. plass av dei 113 landa.

Landa der folk har best engelskkunnskapar

  1. Nederland
  2. Singapore
  3. Austerrike
  4. Danmark
  5. Noreg
  6. Sverige
  7. Belgia
  8. Portugal
  9. Sør-Afrika
  10. Tyskland