Jonathan (10) og Torstein (9) spelar på Noregs første CP-lag i fotball

I mange år har Røa IL vore det einaste fotballaget i Noreg for unge med cerebral parese. Snart får dei ein ny motstandar.

FAKTA: CP

Cerebral parese (CP) er eit fellesnamn på ulike forstyrringar som vert forårsaka av ein tidleg skade i hjernen. CP ser ulikt ut for alle, men ein kan ha problem med å gå, springa, balanse, finmotorikk i fingrane og tale.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg ville møte andre menneske. Nesten heile klassen går på fotball, seier Jonathan (10).

Han har ikkje spelt lenge, men trur han kjem til å halda fram med fotball i mange år.

På beinet har Jonathan ei skinne som hjelper på balansen. På dette laget gjer det ingenting. Mange av dei andre spelarane har også skinne på beinet.

FOTBALLSPELAR: Jonathan (10) trur han vil halda fram med fotball. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Noregs første CP-lag

Røa IL har i fleire år hatt landets einaste fotballag for personar med cerebral parese.

– Det er meir gøy, enn eit ikkje-CP-lag, forklarar Torstein (9).

Han er ein av dei nye kameratane til Jonathan og går gjerne i duell med dei eldre spelarane.

Etter å ha byrja på laget deltek Torstein meir i gymtimane. Før kvidde han seg, fordi han ikkje ville at andre skulle sjå at han hadde CP.

– Eg ville ikkje at dei andre skulle le av meg og seia at eg var ein kjip unge.

BALLFOKUS: Det er både trening og sosialt når CP-laget til Røa IL samlast. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Reiser utanlands for kamp

CP-laget til Røa har over 20 spelarar i alderen 8–17 år. Sidan dei lenge var det einaste CP-laget i Noreg, har dei reist til Danmark og Irland for å spela cup.

– Det er ei normal gruppe der alle er bestevener og har gode ferdigheiter, så me kan gjera mange ulike øvingar, seier Rakel.

Ho har vore ein del av trenarteamet til CP-laget sidan september i fjor.

Rakel synest det er dumt at dei er Noregs einaste CP-fotballag, men gler seg over at Lørenskog IL er i ferd med å starta eige CP-lag.

– Det er eit fint miljø å vera i der alle har same føresetnadar. Dei kosar seg og får vera i aktivitet.

TRENAR: Trenar Rakel peikar ut retninga for spelarane. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Balltalent

16 år gamle Bendik har vore med sidan starten og er stjernespelaren på laget.

– Eg spelte på Ullern, så gav eg meg litt der og så fann eg gleda igjen når eg spelte her, forklarar 16-åringen.

No trener han fotball seks dagar i veka, både med CP-laget, G07-laget og G19-laget til Røa. I tillegg har han blitt spurt om å kome til Danmark for å trena med eit CP-lag der.

Han legg ikkje så mykje merke til at han spelar saman med andre med CP.

– Eg berre spelar og har det gøy. Eg diggar dei folka her. Dei er kjempegøye å spela med og eg trivst kvar trening.

STJERNESPELAR: Bendik (16) elskar å trena fotball og halda seg i form. Foto: Andrea Rygg Nøttveit