«Barbie»-skodespelar ut mot Oscar-nominasjonar: – Ingen Ken utan Barbie

Skodespelar Ryan Gosling er skuffa over at Oscar-akademiet ikkje har nominert Barbie-filmens regissør og hovudrolle.

Ein versjon av denne saka vart først publisert på Framtida.no.

Tysdag vart årets Oscar-nominasjonar klare. Storfilmen Oppenheimer stakk av med flest nominasjonar. Konkurrenten frå fjorårets kinosommar, Barbie, glimra derimot med sitt fråvær i fleire av kategoriane.

Margot Robbie, som speler Barbie i filmen, er ikkje nominert til beste kvinnelege hovudrolle. Regissør Greta Gerwig er heller ikkje nominert for beste regi.

Skuffa «Ken»

Det synest Ryan Gosling som speler Ken er heilt feil. Han vart sjølv nominert til Oscar for beste mannlege birolle, men er skuffa over at dei to kvinnene ikkje er nominert i sine kategoriar.

– Det er ingen Ken utan Barbie, og det er ingen Barbie-film utan Greta Gerwig og Margot Robbie, dei to personane som har mest ansvar for denne historiske filmen som har blitt feira verda overseier han i ei uttale gjeve att av CNN.

PÅ SETT: Skodespelarane Ryan Gosling (Ken) og Margot Robbie (Barbie) på sett saman med regissør Greta Gerwig. | Foto: Jaap Buitendijk/Warner Bros. Pictures via AP

Åtte nominasjonar

Gerwig er likevel nominert i kategorien beste adapterte manus saman med ektemannen Noah Baumbach, og Robbie er Oscar-nominert som ein av produsentane til Barbie.

Gosling avsluttar innlegget sitt med å rose America Ferrera som blei nominert til beste kvinnelege birolle.

Til saman har filmen fått åtte nominasjonar.