– Alle bør få ha eit kjæledyr

Mia Njærheim (11) og Therese Lindheim (11) har begge kjæledyr, og meiner at alle barn bør få oppleva det.

– Eg tenker det er heilt rett at alle skal få oppleva å ha eller vera med eit kjæledyr og bare ha ein som du kan føla deg komfortabel med, og vera i eit samfunn der du kan få oppleva eller vera med kjæledyr, seier Therese Lindheim, sjetteklassing ved Bø skule på Jæren.

– Eg synest at alle burde få ha eit dyr fordi da kan alle ha nokon å vere med når dei er aleine, seier Mia Njærheim.

Foto: Privat

For alle

Å ha dyr kostar pengar, men Therese Lindheim meiner alle skal få kjenna korleis det er å ha kontakt med eit dyr i livet sjølv om ikkje alle har råd til det. Mia Njærheim er einig.

– Fordi då kan alle få oppleva nokon dei kan kosa med og vera aktive med.

– Betyr meir enn eg kan forklara

Jentene på Jæren har begge kvar sitt kjæledyr, og er veldig glade for det.

– Det er som å ha ein ekte venn eg kan stola på, sjølv om det berre er eit kjæledyr så betyr han mykje meir enn eg kan forklara.

– Eg synes det er ein god følelse fordi eg vera sosial med henne, og når eg er sint eller lei meg så kan eg gå ut til henne og då begynner eg å slappa litt meir av, seier Mia Njærheim.

Intervjuet er sendt inn til skrivekonkurransen vår om menneskerettar.