Stortinget opnar for gruvedrift på havbotnen

Tysdag vedtok Stortinget å opne for mineralutvinning på norsk sokkel.

Det skjer etter regjeringspartia Arbeidarpartiet og Senterpartiet sikra fleirtal med Høgre og Framstegspartiet for forslaget i desember.

Vedtaket tyder at eit område mellom Svalbard, Grønland, Island og Jan Mayen blir greia ut for å drive gruvedrift på havbotnen, og selskap vil kunne søke løyve om å gjere dette.

Regjeringa har lagt til grunn at det i dette havområdet finnast verdifulle mineral som er viktige for det grøne skiftet.

Planen har møtt motstand både frå miljøorganisasjonar, dei andre partia på Stortinget og internasjonalt. Det har blitt samla inn over 550 000 signaturar mot forslaget i ein underskriftskampanje.

Motstandarane er bekymra for korleis slik gruvedrift vil påverke dyrelivet i havet. Organisasjonane Spire og Natur og Ungdom meiner at minerala ikkje vil vere til hjelp i det grøne skiftet, sidan det vil ta fleire tiår før minerala kan utvinnast på ein stor skala.

– Det at ein tenkjer at ein skal løyse det grøne skiftet med prosjekt som kanskje skal setjast i gang om 30 år, er heilt på trynet, sa Gytis Blaževičius, leiar i Natur og Ungdom, til Framtida.no tysdag.