Hallvard (11) og Lovisa (14) på klimatoppmøtet: – Det er mange som ikkje høyrer

Barnas klimapanel har møtt politikarar og barn frå andre land på klimatoppmøtet.

Retten til å seie meininga si og bli høyrt

FNs barnekonvensjon artikkel 12 handlar om at alle barn har rett til å seie meiningane sine og ha innflytelse i saker som angår dei.

Barn har rett til fritt å seie meininga si i alle saker som angår dei. Vaksne skal lytte til synspunkta som barnet har, og ta desse på alvor.

Kjelde: Redd Barna og regjeringa

LES FAKTALUKK FAKTA

Denne saka er ein del av det prosjektet «Ein menneskerett – FNs verdserklæring om menneskerettane 75 år». Prosjektet er gjennomført saman med Framtida med støtte frå Fritt Ord.

– Eg føler at nokre få av dei eg har møtt har høyrt litt og er einige i det vi seier her på COP.

Det seier Hallvard Hauge (11) frå Oslo. Saman med resten av Barnas klimapanel er han i Dubai for å vere med på FNs klimatoppmøte (COP28).

– Men det er mange av dei som ikkje høyrer. For eksempel møtte eg ein frå Kina. Han var på ein måte veldig imot det vi sa, og meinte at barn ikkje burde vere på COP. Dei burde vere heime og gjere lekser og har mykje anna dei burde fokusere på, legg han til.

Barn må vere med

Hallvard Hauge og Lovisa Suzanna Verhoeve Kvaal (14) frå Verdal snakkar med Framtida.no på videosamtale frå Dubai. Dei er i emiratet for å tale barna si sak når politikarane skal bli samde om avtalar for å prøve å avgrense den globale oppvarminga og konsekvensane av klimaendringar.

Barnas klimarapport, som dei lanserte før dei reiste på toppmøtet, skriv Barnas klimapanel at barn har rett til å bli høyrde. Dei peikar på at både FNs barnekonvensjon og den norske Grunnlova slår fast at barn har rett til å bli høyrde i saker som gjeld dei.

– Klima- og naturkrisene rammar oss hardt, og vi må få vere med når avgjerder om klima og miljø blir tatt, skriv dei.

Lovisa meiner det er mange som lèt som om dei høyrer på barn, men eigentleg ikkje gjer det.

– Dei berre snakkar med oss for å vere kule, liksom.

Møtte innanriksministeren til Kongo

Under årets klimatoppmøte er det om lag 40 barn, kan dei to miljøagentane fortelje. Heile Barnas klimapanel på åtte personar er til stades, og Noreg utgjer difor ein femtedel av barna som er med på COP.

Barnas klimapanel har møtt fleire politikarar medan dei har vore på toppmøtet, som utanriksminister Espen Barth Eide (Ap), klimaminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap), Une Bastholm (MDG), Lars Haltbrekken (SV) og Ola Elvestuen (Venstre).

– Det kulaste eg har opplevd, er å møte mange barn frå Afrika og å få snakke med innanriksministeren til Kongo, seier Hallvard.

Han møtte tilfeldig innanriksministeren til Republikken Kongo, og fekk han til å stoppe. Hallvard gav han Barnas klimarapport på engelsk og fortalde om innhaldet, noko ministeren lytta til med stor interesse.

Utfasing

Lovisa har ei klar oppmoding til politikarane på klimatoppmøtet.

– Å stoppe med olje og heller fokusere på fornybar energi.

– Og å ta vare på naturen, skyt Hallvard inn.

Dei er begge opptekne av at ein sluttavtale på toppmøtet må gå inn for utfasing av kol, olje og gass.

– Vi barn er framtida. Det er vi som skal arve jorda. Viss politikarane held fram å leite etter olje og gass, kjem problema etter dei til å hamne i barns hender i framtida, seier Hallvard.

Onsdag 13. desember vart landa på klimatoppmøtet einige om verda skal «omstille seg vekk frå fossil energi».

Naomi (13) frå Sør-Sudan

– Vi har møtt nokre barn frå Afrika og så har vi vore på ein panelsamtale med ei av dei frå Afrika som heiter Naomi. Ho hadde ganske mykje bra å seie, fortel Hallvard.

Nettopp å høyre frå barn i andre delar av verda, har vore det beste med å vere med på klimatoppmøtet for Lovisa. Det gjorde inntrykk å høyre 13 år gamle Naomi frå Sør-Sudan fortelje om korleis klimaendringane påverkar barn i landet hennar.

– Ho sa at der ho er frå, er det ungar som ikkje kan gå på skule fordi taket på skulen har blåse av og det var mykje overfløymingar der. Eller så må dei gå og hente vatn i staden for å gå på skulen, fordi reint vatn er så langt unna. Då dei kom heim var skulen stengt.

Lovisa meiner ungar må ha rett til å vere ungar, og ikkje vere så opptekne av korleis framtida kjem til å bli viss vi ikkje gjer noko.

– Det er veldig dumt at så mange barn er redde og bekymra over si eiga framtid og andre ungars framtid.