Mus forstår at dei ser seg sjølv i ein spegel

Forskarar har gjort spegeltesten på mus.

Vi menneske forstår at vi ser oss sjølv når vi ser i ein spegel frå vi er eitt og eit halvt år gamle. Ung.forskning.no skriv om eit eksperiment som forskarar har gjort for å finne ut om mus forstår at det er dei sjølv dei ser når dei ser i ein spegel.

Mens musene var bedøvde, måla forskarane ein kvit flekk på hovudet til dyra. Deretter slapp dei musene i ein boks med ein spegel. Dei fleste musene prøvde å vaske vekk den kvite flekken då dei såg seg i spegelen. Dette meiner forskarane betyr at mus skjønner at dei ser seg sjølve i ein spegel, og ikkje andre mus.

Det er ikkje alle dyr som klarer denne spegeltesten. Hundar, kattar og hestar er blant dyra som trur dei ser eit anna dyr når dei ser i ein spegel, eller ikkje bryr seg. Men dyr som sjimpansar, delfinar, måkar – og no mus – prøver å vaske vekk ein flekk som er måla på dei viss dei ser seg sjølv i ein spegel.