Norske barn er uroa for framtida til barn i verda

Meir enn halvparten av norske barn og unge er uroa for framtida til barn i andre land på grunn av klimaendringar og miljøproblem.

– Me ser ein auke av dei som meiner det er viktig å stoppa klimaendringane. Så det ser ikkje ut som generasjon Greta Thunberg er daud, seier Jakob Sande Haugset (13) i ei pressemelding

Jacob er leiar for Barnas klimapanel. Fredag lanserte dei Barnas klima- og miljørapport 2023.

Fleirtalet meiner det er viktig

Kvart år kjem Barnas klimapanel med ein rapport som viser kva barn og unge i Noreg tenkjer om klima og miljø.

Rapporten byggjer på ei undersøking der 1021 barn og unge i alderen 8–19 år har blitt spurt om klima og miljø. Rapporten er laga av Miljøagentene og Redd Barna.

  • Nesten tre av fire barn og unge meiner det er viktig å stoppa klimaendringane. I fjor svara færre ja på det same spørsmålet.
  • Nesten halvparten (44 prosent) svarar «ja» på spørsmål om ein er uroa for eiga framtid på grunn av klimaendringar og miljøproblem.
  • Meir enn halvparten (67 prosent) svarar «ja» på spørsmål om ein er uroa for framtida til barn og unge i andre land.
Viljar Kristoffer Olaussen (13) har ordet, medan Jakob Sande Haugset (13) lyttar. Foto: Miljøagentene

Jakob: – Politikarane må høyra

Barnas klimapanel leverte rapporten til Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap), som snart skal reisa til dei årlege klimaforhandlingane på vegner av Noreg.

– Me barn er triste, sinte og frustrerte. Det er ikkje rart når berre 18 prosent av barn og unge føler at me blir høyrt i saker om klima og miljø. Barn i Noreg er uroa for si eiga framtid, og endå fleire er uroa for framtida til barn i andre, fattigare land. Politikarane må høyra på oss og ta oss på alvor, seier Jakob i pressemeldinga.