Lagar babyisbrear i Himalaya

FN støttar eit prosjekt for å få isbreane til å vekse.

På grunn av klimaendringane krympar isbreane i Himalaya. Isbreane er den viktigaste vasskjelda til to milliardar menneske i området. Men når breane smeltar raskt, øydelegg dei i staden heimane til folk.

I tillegg snør det mindre, slik at det er mindre drikkevatn frå breane til lokalbefolkninga. Men ein gammal folketradisjon kan vere løysinga, skriv forskning.no.

Eit langsamt prosjekt

Eit gamalt ritual i område blandar isblokkar frå ulike isbrear. Ritualet blei mindre vanleg på 1900-talet, men no gir FN støtte til eit prosjekt som skal begynne å gjere det igjen.

I prosjektet tar dei som bur i landsbyane is frå område nede i dalen og drar han opp til kaldare område i skuggen. Når det regnar på det kaldare område, frys vatnet til is og babyisbreen veks.

Prosjektet er ikkje ei rask løysing på problemet med smeltande isbrear. Ifølge folketradisjonen tar det tolv år før ein babybre festar seg, og deretter tolv år før han veks. Men prosjektet er ein måte menneska kan hjelpe isbreane til å vekse igjen.

Det var NTB som først melde om saka.