Indonesia har fått det første lyntoget i Søraust-Asia

Førre veke kunne passasjerane ta lyntoget mellom dei to største byane.

Eit lyntog, også kalla høghastigheitstog, er eit tog som kan gå over 250 km/t ifølge Store norske leksikon.

Det nye lyntoget i Indonesia kan komme opp i 350 km/t. I staden for tre timar, tar det no mindre enn ein time å reise mellom byane Jakarta og Bandung.

Den 138 kilometer lange togstrekninga er tilpassa det tropiske klimaet i Indonesia, som kan ha både jordskjelv og flaum.

Ifølge CNN er lyntoget stort sett finansiert av kinesiske firma. Kina er Indonesia sin største handels- og investeringspartnar.

Togbanen skulle eigentleg opne i 2019, men blei forseinka på grunn av pandemien og høge kostnader.