Karen (14) kan bli verdas yngste jente til å krysse Grønland

Karen Malena Kyllesø (14) kan setje verdsrekord når ho i mai legg ut på ekspedisjon for å krysse Grønland på ski.

FAKTA OM GRØNLAND
  • Grønland (grønl. Kalaallit Nunaat, «menneskenes land») er verdas største øy.
Wikipedia/Free Software Foundation/CC BY-SA 3.0
  • Geografisk høyrer øya til Nord-Amerika, men politisk til Europa.
  • Grønland var frem til 5. juni 1953 ein dansk koloni.
  • Etter ei folkeavstemning i 1978 fekk Grønland sjølvstyre frå 1. mai 1979.
  • 21. juni 2009 fekk dei utvida sjølvstyre på dei fleste område, bortsett frå i utenriks- og sikkerhetspolitikken.
  • Grønland har gradvis fått meir og meir av ansvaret frå den danske staten.

(Kjelde: Wikipedia)

LES FAKTALUKK FAKTA

14-åringen frå Årdal i Ryfylke vil gå i Fridtjof Nansen sine fotspor og krysse Grønland på ski, skriv NRK.

– Eg har vakse opp i naturen, og er jo nærast født med ski på beina, seier Karen Malena.

FOTO: Privat

Krevjende rute

Fridtjof Nansen, som var ein norsk polfarar og oppdagar, gjekk over Grønland frå aust til vest, medan Karen Malena skal gå frå vest til aust. Ekspedisjonen blir i starten av mai, og ho skal reise med ei gruppe på mellom seks og åtte menneske. Ruta er 600 kilometer lang, og tar omlag ein månad.

– Det verkar som eit fantastisk eventyr og ei oppleving for livet, seier Karen Malena, som har drive med ski, jakt og friluftsliv sidan ho var lita.

– 14-åringar kan klare dette

Eventyraren Aleksander Gamme har gått tre gongar over Grønland på ski. Han har stor tru på at Karen Malena kan få dette til.

– Å krysse Grønland på ski er eit fantastisk eventyr. Men turen er også lang og krevjande. Det er likevel ikkje noko i vegen for at 14-åringar kan klare det. Ein kan vera både fysisk og godt mentalt rusta i den alderen, seier han til NRK.