Fuglar kan få mindre auge av lysforureining

Kunstig lys frå byane kan ha endra storleiken på auga.

Ein ny studie viser at fuglar tilpassar seg bylivet og dei skarpe lysa dei lever blant der, skriv forskning.no. Forskarane ved Washington State University i USA såg på auga til fuglane raudkardinal og karolinasmett i ein ny studie. Fuglane som budde i byane, hadde fem prosent mindre auge enn fuglar som budde utanfor byen.

Forskarane såg også på augestorleiken til to trekkfuglartar, pavespurv og kvitaugevireo. Dei var i byen delar av året og flydde til varmare område om vinteren. Desse trekkfuglane hadde ikkje fått mindre auge.

Tilpassar seg

Trekkfuglane fekk altså ikkje mindre auge, men fuglane som budde i byen heile året, fekk mindre auge. Forskarane meiner derfor at fuglar får mindre auge av alle dei skarpe lysa i byen.

Når fuglane får mindre auge, tilpassar dei seg byen dei lever i. Trekkfuglane som ikkje tilpassar seg, kan derimot få problem når dei er i byane og blir blenda av alle lysa.