Mange stader i verda blir himmelen aldri mørk lenger

Atmosfæren vår blir stadig meir forureina – av lys!

Mange av stjernene foreldra dine såg på himmelen då dei var unge, har forsvunne. Altså, dei glødande solene finst framleis. Men det er ikkje lenger mogleg å sjå dei med berre auga, skriv Ung.Forskning.no.

Himmelglød

Dette skjer fordi menneske stadig spreier meir lys frå vindauge, gatelys og skilt. Forskarane kallar det for himmelglød – eller skyglow på engelsk.

Når himmelgløden blir sterkare, blir det vanskelegare å sjå lyset frå stjernene. Blir den sterk nok, vil dei svake stjernene ikkje lenger synest.

Forskarane bak studien har eit døme som kan visa kor raskt forandringa skjer:

Sjå for deg at eit barn blir fødd ein stad der det er mogleg å sjå 250 stjerner på ei klar natt. Når dette barnet har vorte 18 år, synest berre 100 stjerner på nattehimmelen.

Problem for dyr og plantar

Lys og mørke er med på å stilla dei indre klokkene som finst i både dyr og plantar. Når det er lys om natta, kan det bli forvirring.

Dyr og insekt forandrar åtferda si, og fleire studiar viser at lys-forureining kan vera dårleg for helsa.