Satsar på kunstig pollinering utan insekt

Fleire firma finn nye måtar å pollinere avlingar på.

Nokon plantar treng pollen frå andre plantar for at dei skal gi frukt eller grønsaker. Ein måte det kan skje på, er at eit insekt besøker blomsten til planten og får pollen på seg. Deretter tar insektet med seg pollenet vidare til neste plante.

Tre av fire avlingar i verda er avhengig av insekt som kan pollinere dei, skriv BBC. Bier og humler er insekt som ofte blir brukt til dette på gardane. Men insekta er under press på grunn av mellom anna klimaendringar, sprøytemiddel og tap av leveområde.

Fleire firma lagar no maskiner som kan pollinere avlingar kunstig, utan insekt.

Liknar på humlevinger

Firmaet BloomX har utvikla ei maskin som heiter «Robee» og ser ut som ein diger grasklippar. Maskina har to armar på sida som vibrerer. Når armane kostar over for eksempel ein blåbærplante, får dei planten til å gi frå seg pollen. Vibrasjonane skal likne på vingene til humler.

Eit anna firma, Edete, har utvikla teknologi som kan samle pollen, lagre det i fleire år, og deretter påføre pollenet på planten når det er best å bere frukt.

Fleire gardar rundt i verda har allereie tatt i bruk den kunstige pollineringa frå dei to firmaa.

Ta vare på biene

Men ikkje alle er einige i at det er behov for dette. Diana Drinkwater er birøktar og arbeider for organisasjonen The British Beekepers Association (BBKA). Å vere birøktar vil seie å ha bier i bikuber som du haustar honning frå. Drinkwater meiner at kunstig pollinering ikkje er noko som trengst.

— Viss biehelse og velferd blir prioritert, er behovet for kunstig pollinering i stor grad unødvendig, seier ho til BBC.