Christine (11): – Naturen må vernast

Framtida Junior har snakka med Christine Thuestad Hornenes frå Trondheim om kva ho ville gjort dersom ho var ordførar for ein dag.

FAKTA: Dette gjer ein ordførar

  • Ordføraren er den øvste offisielle tillitsvalde i kommunen, og deltek ved store og små hendingar. Ordføraren held ofte tale.
  • Ordføraren leiar møta i kommunestyret og formannskapet.
  • Ordføraren er underskriv på kommunen sine vegner i alle tilfelle der dette ikkje er tildelt andre.
  • Ordføraren har mange ulike oppgåver. Til dømes bidreg han eller ho til førebuinga av dei større sakene som skal behandlast av kommunestyret.
LES FAKTALUKK FAKTA

Kva gjer ein ordførar?

– Ordføraren i vår kommune jobbar med å styre det som skjer i Trondheim. Ho finn ut kva som er best for skulane, og gir pengar til det som trengst i kommunen.

Kva ville du gjort viss du var ordførar for ein dag?

– Eg ville gitt meir pengar til skulen, slik at alle elevar kunne fått fleire spennande turdagar. Kanskje tur til ein fornøyelsespark? Eg ville også gitt hjelp til alle som er fattige. Eg ville for eksempel starta noko dei driv med i Haugesund. Der har dei ein kasse på kjøpesenteret der dei samlar inn skulesekkar og pennal til dei som ikkje har pengar til å kjøpa nytt skuleutstyr.

Korleis kan kommunen din bli endå betre? 

– Det hadde vore fint med fleire turstiar og meir grøntområde i byen. Der me bur er det ein veldig fin skog som me likar å vera i. Eg synest meir av naturen må vernast. Det er mykje folk, hus og asfalt. Eg synest også det bør bli fleire barnehagar for studentar som har barn. Med eigne opningstider som hjelper studentar som treng hjelp med barna – for eksempel når dei har eksamen.