Ein av tre 18-åringar har aldri hatt hol i tennene

Tannlegar finn stadig færre hol å tetta i tennene til norske ungdomar.

1 av 3 under 18 år har aldri hatt hol i tennene, syner ei undersøking gjort av SSB.

NRK har intervjua Heming Olsen-Bergem som er president i Tannlegeforeningen.

Han meiner nedgangen er eit resultat av eit lengre helseførebyggande arbeid, med fokus på sunnare kosthald, ernæring og hygieneråd for god tannhelse. Likevel er han uroa.

– Ein av tre under 18 har framleis hol i tennene, og det er ikkje bra nok, seier Olsen-Bergem.

Hola som blir rapportert inn er dei som har kome så langt at dei treng behandling. Det er truleg langt fleire som har små begynnande hol.

– Det som uroar tannpleiarar, tannlegar og tannlegeforeiningane er alle dei sure drikkane som etsar i tennene. Det er betydeleg meir arbeid å reparera enn små hol, seier han til NRK.

GIF: Giphy.com