Vivian, Matheo og Emil brukte sommaren på forskarskule

Kvar sommar opnar Oslo Sommarskule dørene for elevar frå heile byen, det har dei gjort i 17 år. Sommarskulen er gratis for alle elevar som bur i Oslo, og tilbyr kurs som varer i ei veke der elevane kan læra om vitskap, film, teikneseriar og mykje anna.

I år fekk 17 000 barn og unge i Oslo tilbod om plass på sommarskulen. Tre av dei som deltok i år, er Vivian (10), Matheo (10) og Emil (11). Dei tok kurset som heiter Energimysteriet, der dei fekk utfordra seg i å laga elektriske kretsar og kjemiske reaksjonar, i tillegg til å læra om kroppen sine byggeklossar, nemleg DNA.

– Kva var det kulaste eksperimentet de gjorde?

– Me fekk vinna ut DNA! Det var ganske kult, fortel Vivian. 

Det gjorde dei ved å gurgla sportsdrikke som dei etterpå blanda med såpe. Etter ei stund kunne dei sjå små strengar i blandinga, dei små strengane var DNAet deira. 

Av dei 66 kursa valde Vivian, Matheo og Emil energimysteriet. 

Vivian (10), Emil (11) og Matheo (10) har delteke på forskarfabrikken i sommar. Foto: Marie Knutsen Bruntveit

– Eg syntest det var dette kurset som høyrdest kjekkast ut. Eg liker veldig godt sånne forskargreier; eksperiment og eksplosjonar og sånt er skikkeleg gøy, fortel Emil.

Dei to andre er samde med Emil. 

– Ein dag fekk me laga såpebobler med gass inni, så fekk me sjå dei eksplodera. Det var veldig kult, seier Matheo.

Har fått mange vener

Før dei starta på sommarskulen kjende dei berre nokre få av deltakarane på kurset, men det tok ikkje lang tid før dei hadde fått seg mange nye vener. 

Det er veldig kjekt å bli kjend med elevar frå andre skular, eg hadde kanskje aldri møtt dei om eg ikkje gjekk på sommarskulen, meiner Matheo.

Ewelina Knutsen er rektor for heile sommarskulen, ho fortel at elevane er veldig nøgde med tilbodet. Etter dei er ferdige med vekene sine på sommarskulen, blir alle elevane bedd om å fortelja korleis dei har hatt det, kva som var kjekt og kva som kan betrast.

Me får veldig gode tilbakemeldingar frå både elevar og foreldre, mange kjem tilbake år etter år fordi dei synst det er så kjekt, fortel rektoren. 

Martin (10), Evelis (9) og Vilde Sofie (9) har brukt ei veke på å laga teikneseriar. Foto: Marie Knutsen Bruntveit

Fekk laga teikneseriar

Martin (10), Evelis (9) og Vilde Sofie (9) har brukt ei veke denne sommaren på å laga sine eigne figurar og verder på teikneseriefabrikken. 

Kvar morgon startar dei dagen med ein videomelding frå den kjende teikneserieskaparen Yosef Johannes, han gjev dei tips og råd om korleis dei skal utvikla karakterane sine og kva som er viktig å tenkja på.

– Han sa for eksempel at når me skal laga ting i 3D, så må me hugsa at ein skal kunne sjå ting frå fleire sider. Så det er lurt å sjå på det du lagar og sjå det frå ulike vinklar, fortel Vilde Sofie.