No er det straffbart å hetsa homofile og transpersonar i Brasil

No kan hatytringar mot homofile og transpersonar føra til både fengsel og bøter i Brasil.

President Luiz Inácio Lula da Silva har sagt at han ønskjer fleire demokratiske lover. Den nye lova som skal straffa dei som kjem med hatytringar mot homofile og transpersonar, er eit resultat av dette.

Ni av ti dommarar stemde ja til lovforslaget førre veke i Høgsterett. No risikerer ein to til fem år i fengsel og bøter viss ein ytrar seg homofobisk eller transfobisk i Brasil, skriv NRK.