No kostar plastposen 4 kroner og 25 øre

I 2022 kjøpte nordmenn 722 millionar plastposar. Det er 132 posar per person. Sjølv om det er 100 millionar færre enn i 2021, er det framleis for mange, ifølgje Handelens miljøfond.

Derfor aukar butikkane no prisen på posane laga av plast. 1. august kom tiltaket som skal få ned plastposebruken med over to tredelar på halvtanna år, skriv NRK.

No må du ut med over fire kroner for ein plastpose.

LES MEIR: Bør du velge bomullspose eller plastpose?

Målet deira er at kvar av oss skal bruka færre enn 40 plastposar i året innan 2025.

Kva synest du om at plastposen blir dyrare?

Kva synest du om at plastposen blir dyrare?

Det er veldig bra!28
Det er altfor dyrt!55
Eg veit ikkje.20
Svar totalt: 103