Bør du velge bomullspose eller plastpose?

Kva tenkjer du er mest miljøvennleg?

Kva som løner seg for miljøet kjem faktisk heilt an på kor mange gongar posen vert brukt. Posar laga av bomull er jo populære, og mange bedrifter deler dei ut med reklame på. Du kan også få handla dei i dei fleste matbutikkar, skriv Forskning.no.

Vatn og kjemikaliar

Men stoffposar er ikkje miljøvennlege. Det vert nemleg brukt mykje vatn og kjemikaliar når ein dyrkar bomull. Og alt som skjer med bomullen frå den vert plukka og fram til posen er klar til bruk, belastar også miljøet. Det skaper også store CO2-utslipp.

Difor må du nytte ein bomullspose veldig mange gongar før det er bra for miljøet. Kor mange gongar du må bruke bomullsposen før den vert betre for miljøet enn ein plastpose, er forskerane ueinige om.

Plast skadar også

Problemet er at begge deler skadar naturen. Plastposar øydelegg også miljøet. Eit stort problem er at mange hamnar i naturen. Der vert dei til mikroplast. Det er små bitar av plast som skadar dyrelivet.

Så, kva skal du velge? 

Anders Damgaard fra DTU gir dette svaret til Forskning.no:

– Uansett kva posen er laga av er det best å bruke den så mange gongar som mogeleg.