Hundeekspert Betina Lykke seier til NRK at ho tilrår å gi hundar ei oppgåve innandørs.
– Dette kan enkelt gjerast i form av å gøyma mat eller godbitar inne som hunden kan få søkja etter, eller i form av aktiveringsleikar som til dømes enkelt kan lagast ved å leggja godbitar i ein tom og rein brusflaske, fortel Lykke.
Katteekspert i Musti, Johnny Skjølås seier til NRK at det er viktig å få inn kattane.
– Det er ein vanleg feil å tru at kattar klarer seg sjølv, men i ekstreme vêrforhold er det viktig å gi dei merksemd, seier Skjølås.