Snart kan du svømme i Seinen

Eit 100 år langt svømmeforbod er snart over i elva Seinen i Paris.

I 1923 forbaud myndigheitene i Paris svømming i elva Seinen. Grunnen var at elva var altfor forureina. Men i løpet av dei siste 20 åra har myndigheitene jobba med å forbetre vasskvaliteten. Det skriv BBC.

I Paris har skittent vatn frå kjøkken og toalett blitt blanda med regnvatn i eit system av tunnellar under bakken. Vanlegvis blir det skitne vatnet ført frå desse tunnellane og til eigne reinsingsanlegg. Men når det er mykje regn, blir det for mykje vatn i tunnellane. Resultatet er at det skitne vatnet renn ut i Seinen.

Reint vatn til OL

Myndigheitene bygger no eit stort undergrunnsreservoar, altså ein slags tank. Denne tanken han halde like mykje vatn som 20 svømmebasseng. Når det regnar mykje, vil det skitne vatnet renne inn i tanken, ikkje ut i Seinen.

Målet er at Seinen skal vere rein nok for dei som skal konkurrere i svømming under OL i Paris neste år. Frå 2025 vil også parisarar elles kunne svømme i elva. Då opnar myndigheitene tre eigne svømmeplassar.