5 fakta om Koreakrigen

I dag, 27. juli, er det 70 år sidan Koreakrigen. Her får du 5 fakta om det som blir kalla «den gløymde krigen».

1. Krigen handlar om kven som skal styre på Koreahalvøya

Før og under andre verdskrig var Korea eitt land. Korea var ein koloni under Japan, men etter andre verdskrig måtte Japan gi frå seg kontrollen over landet. Korea blei delt i to land. USA tok kontroll over Sør-Korea, og Sovjetunionen tok kontroll over Nord-Korea.

Sør-Korea og Nord-Korea fekk på plass eigne leiarar. Men både leiaren i nord og leiaren i sør ønskte å styre over heile Korea. Dei ville at Koreahalvøya skulle bli eitt land igjen.

25. juni 1950 gjekk soldatar frå Nord-Korea inn i Sør-Korea og prøvde å ta makta. Nord-Korea fekk støtte frå Sovjetunionen og Kina.

Sør-Korea fekk støtte frå USA og andre FN-land. FN bad landa som var medlem, om å sende hjelp til Sør-Korea.

Nord-Korea og Sør-Korea slost i tre år før ein avtale om våpenkvile blei signert 27. juli 1953. Det er altså 70 år sidan i dag. Men dette er berre ein avtale om våpenkvile, ikkje ein fredsavtale. Dei to landa er derfor teknisk sett framleis i krig.

2. Norske legar og sjukepleiarar deltok i krigen

22 land sende soldatar og helsepersonell til Sør-Korea. Noreg sende eit feltsjukehus med legar og sjukepleiarar. Eit feltsjukehus er eit sjukehus som lett kan pakkast saman og flyttast rundt. Ifølge Store norske leksikon reiste totalt 625 norske legar og sjukepleiarar til Sør-Korea. Dei gav helsehjelp til over 90 000 menneske.

Men det var også mange som døydde i Koreakrigen. Ifølge Encyclopedia Britannica mista minst 2,5 millionar menneske livet.

MINNESTEIN: Tre av dei som døydde i Koreakrigen var norske. Namna deira står på ein minnestein i The United Nations Memorial Cemetery i Busan. Foto: Synne Ulltang

3. Millionar av menneske blei skilde frå familiane sine

Då Koreahalvøya blei delt i to, blei også mange familiar splitta. FN reknar med at om lag 10 millionar menneske blei skilde frå familiane sine på grunn av krigen. Nokre av dei har fått møte kvarandre igjen etterpå i offisielle møte som Nord-Korea og Sør-Korea har arrangert. Den siste gongen det blei arrangert eit slikt møte, var i 2018.

4. Grensa mellom landa har eit yrande dyreliv

Grensa mellom Nord-Korea og Sør-Korea er ei av dei mest vakta grensene i verda. Men sidan det er store område der det ikkje er menneske, trivst mange dyr godt på grensa. Google og National Institute of Ecology i Sør-Korea lanserte tidlegare i år eit digitalt album med dyrefoto tatt på grensa mellom Nord-Korea og Sør-Korea. Du kan sjå bilda her.

5. I Nord-Korea feirar dei «Victory Day»

Dagen for våpenkvila blir markert i både Nord-Korea og Sør-Korea. I Nord-Korea kallar dei dagen i dag for «Victory Day», eller «sigersdagen». I år har dei invitert gjestar frå Russland og Kina til markeringa. I tillegg vil det truleg vere ein militærparade.