Finalistane i konkurransen Comedy Pet Photo Awards er klare.
Konkurransen har som mål å fremje dyrevelferd og å feire det verdifulle bidraget kjæledyr har i liva våre, ifølge nettsida til konkurransen.
Vinnaren skal kårast 11. august.
Her er dei 25 nominerte:
«A life changing event»
Michel Zoghzoghi frå Libanon har fotografert desse to kattungane Alex og Max. Foto: Michel Zoghzoghi/Comedy Pets
«Barking!»
Chris Porsz frå Storbritania tok dette biletet på ein benk i New York. Han skriv at han har prøvd å få tak i eigaren av hunden, så han kan sende henne biletet. Foto: Chris Porsz/Comedy Pets.
«The big Boss»
Katten Big Boss er sjefen, men han er visstnok også mild og snill, berre stor, opplyser fotografen. Biletet er teke i Fukuoka i Japan. Foto: Kenichi Morinaga/Comedy Pets.
«Kylian’s sleep»
Kanskje drøymer han om jungelen, skriv fotografen. Biletet er teke i Geneve i Sveits. Foto: Katia Pillonel/Comedy Pets.
«When digging gets serious»
Hunden Shadow testar ut ein ny gravemetode på Hemsby-stranda i Storbritannia. Foto: Sophie Boynton/Comedy Pets.
«Victory»
Kazutoshi Ono frå Japan har fotografert katten sin i heimen. Foto: Kazutoshi Ono/Comedy Pets
«The three Greys»
To afghanske mynder og eigaren deira, Karin. Biletet er teke i Landstuhl i Tyskland. Foto: Klaus-Peter Selzer/Comedy Pets
«The 498th round of Hide and Seek was getting a bit old…»
Hunden Misty og katten Nala leiker gøymsel i Herefordshire i Storbritannia. Foto: Kim Horstmanshof/Comedy Pets.
«Football free kick»
Desse kattane er fotograferte i Fukoka i Japan. Foto: Kenichi Morinaga/Comedy Pets
«So this is the source of happiness…»
Denne hunden har oppdaga ein spesiell plante … Men det er berre ein ordinær hemp-plante, forsikrar fotografen. Biletet er teke i Zürich i Sveits. Foto: Corinna Mooser/Comedy Pets
«The first outdoor walk»
Den 2,5 månader gamle ilderen Boudicca nyter sin første gåtur utandørs i Amherst, Massachusetts i USA. Foto: Darya Zelentsova/Comedy Pets.
«Oscar!»
Oscar er faktisk namnet på denne fabelaktige hunden. Han er ein afgansk mynde. Fotografert i eit studio i Russland. Foto: Lana Polyakova/Comedy Pets.
«Bidule as goalkeeper!»
Katten Bidule øver på keeper-ferdigheitene sine. Biletet er teke i Ardeche i Frankrike. Foto: Felix Larcher/Comedy Pets
«Keep your eye on the ball»
Hunden Bumble legg sjela si i leiken. Biletet er teke i Ormskirk i Storbritannia. Foto: Gill Woodcock/Comedy Pets.
«Pop up»
Biletet er teke i Japan. Foto: Kazutoshi Ono/Comedy Pets.
«Ball play silhouette»
Hunden Bobby leiker med ball i solnedgangen. Fotografert i Warrington i Storbritannia. Foto: Christine Johnson/Comedy Pets.
«Zorro reborn»
Dei fattiges hevnar er tilbake, men denne gongen som ein hund. Biletet er teke i Fahrdorf i Tyskland. Foto: Karl Goldhamer/Comedy Pets.
«I couldn’t get past this couple!»
Kven var det som sa at hundar liknar på eigarane sine? Biletet er teke i St. Petersburg i Russland. Foto: Lana Polyakova/Comedy Pets.
«Little Daisy and her big future»
«Sisters from different litters». Biletet er teke i Amherst i Massachusetts i USA. Foto: Darya Zelentsova/Comedy Pets.
«Is it a seal or a dog?»
Hunden Louis likar å gøyme seg i sofaen. Han var ikkje nøgd då eigaren prøvde å ta frå han tennisballen. Biletet er teke i Brasilia i Brasil. Foto: Monyque Macedo Dos Santos/Comedy Pets.
«Edgar’s Dandelion»
Favorittmaten til skjelpadda Edgar er bladene og blomane til løvetenner. Biletet er teke i Norfolk i Storbritannia. Foto: Jonathan Casey/Comedy Pets.
«Who are you?»
Hunden Amy var fascinert over møtet med ei lita mus. Biletet er teke i Lichtenfelsd i Tyskland. Foto: Udo Krauss/Comedy Pets.
«My face when my crush says “Hi”»
Hunden Milo rulla rundt som ein gal i bladene. Biletet er teke i Austerrike. Foto: Kerstin Ordelt/Comedy Pets.
«Flying Poodle»
Puddelen Barney er fanga når han svever gjennom lufta, medan han løper over marka. Bilettet er teke i Durham i England. Foto: John Young/Comedy Pets.
Ingvild Bjerkeland har teke mange unge lesarar med storm med grøssaren Udyr. No har eit amerikansk forlag kjøpt rettane og skal gi ut boka på både engelsk og spansk i USA.