Sjå fantastiske bilde frå konkurransen Astronomy Photographer of the Year

Den årlege fotokonkurransen blir arrangert av Royal Observatory Greenwich i London.

I år er det den femtande gongen konkurransen blir arrangert. Amatørfotografar og profesjonelle fotografar frå 64 land har levert inn over 4 000 foto, skriv Royal Observatory Greenwich i ei pressemelding. Fotografane konkurrerer alle om å ha tatt det beste bildet av verdsrommet.

Deltakarane konkurrerer i ulike kategoriar som nordlys, sola, månen og galaksane. I tillegg til vinnarar i kvar kategori, blir det delt ut to spesialprisar og kåra ein hovudvinnar.

Vinnarane blir annonserte 14. september, og etterpå blir bilda stilte ut i National Maritime Museum i London.

I kategorien «Our Sun» er dette ein av finalistane

The Great Solar Flare © Mehmet Ergün

Dette er ein av deltakarane i kategorien «Stars & Nebulae»

Nebulae of the Small Magellanic Cloud © Jonathan Lodge

Ein av kategoriane er «Aurorae» og har bilde av nordlys

Curtain of Light © Andreas Ettl

Ein annan kategori er «Planets, Comets & Asteroids»

Dance of the Moons © Damian Peach