– Me må ta vare på møll òg

Det held ikkje å berre tenkja på biene, ifølgje ny forskning.

Medan biene jobbar på dagen, jobbar møll på natta. Både bier og møll er viktig for å spreia pollen, så blomstrar og plantar kan befruktast og laga nye frø. Derfor må me også ha fokus på å redda møll, meiner engelske forskarar.

Forskarane har studert møll, og funne at møll kan besøkja like mange blomar som bier, skriv Ung.Forskning.no.

Emilie Ellis, som er ein av forskarane bak den nye studien, seier i ei pressemelding at grøntområde i byar må vernast og bevarast slik at både møll og bier trivst.

Ulik jobb

Møll og bier besøkjer nemleg ganske ulike plantar, og møll besøkjer fleire tre og fruktplantar enn forskarane først trudde.

Med hjelp av DNA-analyse kunne forskarane finna ut kva slags pollen møll ber rundt på. Slik fann dei ut at møll er interessert i mange plantar som bier ikkje likar.

Ellis fortel til Ung.Forskning.no at me ofte gløymer møll når me snakkar om å ta vare på insekt, men at forskarar no bør hjelpa folk å forstå kor viktig møll eigentleg er.