Blir du redd når vaksne drikk for mykje alkohol?

Det er sommar og ein heil del norske barn går med ei vond kjensle i magen. Kjem mamma eller pappa til å oppføre seg annleis fordi dei drikk alkohol i ferien? Her er tips til deg som kjenner det slik:

  1. Hugs at det aldri er di skuld.
  2. Snakk med ein vaksen – kanskje kan foreldra til ein god ven eller ein annan snill vaksen vera god å snakka med.
  3. Du er ikkje åleine – det er mange som har opplevd det same som deg, og som kan hjelpa deg med gode råd.
  4. Naudnummer: Du kan ringa alarmtelefonen for barn og unge på 116 111 døgnet rundt.
  5. www.korspahalsen.no kan du senda meldingar med vaksne som kan hjelpa deg.
  6. Du kan ta kontakt med BARweb – der BAR står for Barn av Rusmisbrukere. Dei omtalar seg sjølv som «ein brukar- og interesseorganisasjon for barn, i alle aldrar, som opplever foreldre sitt rusbruk som ei belastning».

(Kjelde: AV-OG-TIL, BARweb)