Opplever du mykje alkohol i jula?

Det er mange som gruar seg til julefeiringa fordi dei vaksne rett og slett drikk for mykje alkohol.

Om du opplever at vaksne rundt deg drikker seg fulle, og du synest det er ubehagleg, kan du mellom anna ringe Alarmtelefonen på 116 111. Der kan du prate heilt anonymt med ein vaksen som kan gi deg gode råd.

Husk at om foreldra dine drikk eitt eller to glas med alkohol, så er ikkje det farleg, men om foreldra dine drikk og dei endrar måten å vere på, kan mange barn oppleve det som ubehageleg.

Det er aldri barna sin feil at dei vaksne drikk, og du har full rett til å seie frå om det plagar deg. Alkohol skal ikkje vere viktigare enn deg og familien din.