– Det er viktig å trena på ulike smakar

Kva er det som gjer at nokon elskar å prøve ut ny mat, medan andre knip att munnen når det kjem noko dei aldri har smakt før på bordet?

Fem tips til deg som er litt kresen

  • Ikkje snakk negativt om mat.
  • Smak på ny mat fleire gongar. Alle nye smakar er uvande i byrjinga.
  • I staden for å tenka «Likar eg dette?» – tenk heller «Oi, dette var spennande – dette må eg prøva å smaka på!» 
  • Sjå tilbake på ting du ikkje har likt, og set pris på at du har lært å lika deg ting.
  • Prøv nye matvarer saman med noko du likar veldig godt. Viss du ikkje likar gulrøter, prøv ei gulrot saman med til dømes kjøt du likar. Då blir det lettare å venna seg til maten.
LES FAKTALUKK FAKTA

Framtida Junior har snakka med forskar Birger Svihus. Han jobbar ved Noregs Miljø- og Biovitskaplege universitet, og veit mykje om kva som gjer at folk av og til er kresne i matvegen.

Kvifor er nokon kresne i matvegen?

– Det er viktig å trena på ulike smakar. Dei som ikkje har foreldre som hjelper dei å øva på å eta variert, blir gjerne meir kresne i matvegen. Variert mat er viktig.

– Når folk seier dei ikkje likar fisk, er det ikkje slik at det ligg i genane deira. Det er ein uvane.

– Me veit også at barn og gravide ofte er skeptiske til bitre matvarer. Det kjem av at det er nokre bitterstoff som er giftige, og derfor antar me at dette er eit instinkt som skal beskytta mot å eta noko giftig. 

Men, kva kan ein gjera for å læra seg å lika noko ein ikkje likar smaken på?

Foto: NMBU

– Smakslaukane som registrerer søtt, gir ei kjensle av velvære. Det er nok knytt til at søte frukter har vore ei viktig del av dietten i menneskets utvikling frå sjimpanse til menneske. Sukker gir energi, og energi er det viktigaste ved maten. Historisk sett har energibehovet vore høgt og ofte ikkje blitt møtt.

– Men, i vårt moderne samfunn har dei fleste nordmenn meir enn god nok tilgang på mat. Mange et meir sukker og salt enn kroppen treng. Dei som opplever svolt er ikkje kresne. Dei et kva som helst. Når du ikkje et variert, sunn mat, vel du ofte mat som er rik på sukker og feitt fordi det smakar søtt og salt.