Barbie-filmen førte til mangel på rosa måling

Produksjonsdesignaren seier verda gjekk tom for rosa måling då dei laga settet til den komande Barbie-filmen.

Då filmselskapet Warner Bros skulle lage ein ekte versjon av Barbie-universet, sparte dei ikkje på noko. I alle fall ikkje når det kom til måling.

Kulissane Margot Robbie (Barbie) og Ryan Gosling (Ken) bevegar seg rundt i, er nemleg så rosa som ein kan få det.

Produksjonsdesignaren til filmen, Sarah Greenwood, fortel at det gjekk med så mykje rosa måling då dei laga «Barbieland» at det vart internasjonal mangel på fargen.

– Verda gjekk tom for rosa, fortel ho i eit intervju med Architectural Digest.

Saka har mellom anna blitt omtalt av The Guardian.

Filmen har premiere 21. juli.

Denne artikkelen blei først publisert på Framtida.no som er Framtida Junior si søsteravis.