Den verste jernbaneulykka i India på 20 år

Tre tog krasja i det austlege India. Minst 288 menneske vart drepne og nesten 900 vart skadde.

Årsaka til den tragiske ulykka blir etterforska. Ulykka skjedde rundt 200 km frå delstatshovudstaden Bhubaneswar førre fredag.

Redningsarbeidet vart avslutta etter ein omfattande søk- og redningsaksjon som involverte hundrevis av politifolk, brannmenn og militært personell. Team frå National Disaster Response Force var også involvert i redningsaksjonen.

Tenestemenn sa at 1200 førstehjelparar jobba over natta på staden med 115 ambulansar, 50 bussar og 45 mobile medisinske einingar, ifølge Al Jazeera.