KrF-leiaren ber familieministeren svara på spørsmål om Snapchat AI

Snart kan bedrifter betala for å få produkta sine tilrådd av Snapchat sin chattebot, «My AI». Forbrukarrådet er bekymra for korleis dette påverkar barn.

KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad krev at barne – og familieminister Kjersti Toppe (Sp) svarar på følgande spørsmål:

«Korleis vil statsråden sikra at reklameforbodet mot barn blir halde oppe i kanalar der kunstig intelligens blir teken i bruk, men der barn og unge opplever at dei snakkar med ein venn som gir objektive tilrådingar?»

Ropstad seier til NRK at han er bekymra for at barn blir utsette for reklame.

– Det er ikkje lov i Noreg. Dette er ein chatrobot som på mange måtar gir seg ut for å vera ein venn, som ein kan utvikla ein nær vennskap til og kanskje snakkar saman med dagleg. Då er ein endå meir sårbar for den tilrådinga eller reklamen som kommersielle aktørar har betalt for, som du blir utsett for. Derfor må det regulerast og bli forbode, seier Ropstad til NRK.

Familieministeren har førebels ikkje svart på Ropstads spørsmål.