Framtidajunior Fritid Snapchat får angre-knapp

Snapchat får angre-knapp

Har du sendt ein snap til feil person eller noko du absolutt ikkje burde sendt? No er redninga her!

Snapchat har lansert ein heilt ny funksjon som lar deg sletta meldingar som er sendt, men ikkje opna enno.

Før den siste oppdateringa, ville meldingane berre forsvinna når både du og den du sendte meldinga til hadde lese meldinga, eller etter 30 dagar viss meldinga var uopna. Sjølvsagt kunne du sletta ein heil tråd, men ikkje enkeltmeldingar.

No har du fått høve til å sletta meldingar med ein gong, anten du har sett på dei eller ikkje.

 

Slik slettar du snappar:

1. Opna opp Snapchat

2. Sveip til høgre for å koma til venne-sida

3. Trykk på chat-kolonna for å visa dei siste samtalane dine.

4. Trykk på meldinga du vil ha sletta.

5. Trykk på meldinga og hald på denne.

6. Trykk «delete»

Sjølv om denne funksjonen lar deg stoppa meldingar før vennene dine har sett han, så vil vennene dine likevel sjå at du har sletta ei melding.

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

VIDEOAR