Verdas eldste bjørnemor har nettopp fått ein ny unge

Grizzlybjørnen 399 er ikkje ferdig med foreldrerolla heilt enno.

Det er kanskje ikkje så uvanleg for 27-åringar å ha barn. Likevel er 27 år gamle Grizzlybjørn 399 i Grand Teton nasjonalpark i Wyoming, USA, einaste av sitt slag.

Førre veke vart det stadfesta at ho har sin 18. bjørneunge.

Dermed er ho den eldste bjørnemora som forskarar nokon gong har sett.

Både barn og barnebarn

Grizzlybjørn 399 har hatt heile åtte kull, fleire av dei trillingar. Slike bjørnar får ofte berre to ungar om gongen, sidan det krev mykje energi av bjørnemor å halde dei i live.

Kjendisbjørnen har blitt populær nettopp fordi ho har vore flink til å ta vare på ungane sine, og til og med har hjelpt med barnebarna sine.

Frå fire til ein bjørneunge

Ho har ein instagramkonto med 32 000 følgjarar som får sjå oppdateringar i livet hennar. I 2020 hadde ho heile fire bjørneungar ho tok vare på, og den historia har blitt gjort om til ei barnebok.

Dei siste vekene har det vore mykje spenning knytt til når bjørnen kom til å kome ut frå vinterdvalen sin, og om ho kom til å ha ein ny unge. Førre veke fekk dei endeleg svar:

 

View this post on Instagram

 

A post shared by Grizzly Bear 399 (@grizzlybear399)

Ho har klart det utrulege og fått ein bjørneunge til i ein alder av 27 år. Og som posten påpeiker: Ho har fortent å ta det roleg med berre ein bjørneunge, samanlikna med dei fire ho hadde nyleg.

Denne artikkelen blei først publisert på Framtida.no som er Framtida Junior si søsteravis.