Har du høyrt om misofoni?

Kan du bli veldig sint og stressa av at nokon smattar ved matbordet? Då har du kanskje misofoni. 

Det kan vera irriterande å sitja ved sida av nokon som slafsar når dei et eller som pustar veldig tungt. Men for nokon kan desse lydane vera meir enn berre litt irriterande. Nokon kan bli veldig sinte og kjenna på eit ekstremt ubehag.

– Misofoni handlar om at nokon bestemde lydar triggar oss. Det vil seia at me opplever sinne eller frustrasjon når me høyrer desse lydane, seier Erik-Aleksander Larsen til Ung.Forskning.no. Han er audiopedagog og hjelper personar som slit med misofoni.

Kva skjer i hjernen til ein person med misfoni?

  • Når hjernen oppfattar triggerlyden, set nervesystemet automatisk i gang ein stressreaksjon. Fleire opplever då at musklar blir stramma, pulsen aukar, og pusten blir endra.
  • Merksemda blir smalare og vender seg mot lyden som blir trigga. Då blir også det limbiske systemet aktivert, som er kjensleområdet i hjernen. Då opplever personen ei sterk ubehageleg kjensle, som for dei fleste resulterer i sinne. 
  • Fleire får ein sterk trong til å forlata rommet der lyden er eller å konfrontera personen som lagar lyden.
  • Viss denne tanken dukkar opp fleire gonger i ulike situasjonar og den same stressreaksjonen skjer, vil det kunna dannast ein ufrivillig automatisk reaksjon neste gong ein høyrer den same lyden. Hjernen blir på ein måte programmert til å reagera med stress og ubehagelege kjensler omkring den bestemde lyden,

(Kjelde: Ung.Forskning.no / Erik-Aleksander Larsen)