Marcus & Martinus skriv pophistorie

Låten «Elektrisk» er første norskspråklege låt med over 100 millionar avspelingar på Spotify.

Det er ikkje uvanleg at enkeltlåtar av norske artistar har mange millionar avspelingar på Spotify, men dei fleste syng på engelsk. Ingen har tidlegare passert 100 millionar avspelingar med ein norskspråkleg låt.

Artikkelen held fram under YouTube-videoen.

Først ut

Marcus & Martinus melde nyleg på Instagram at «Elektrisk» hadde passert 100 millionar avspelingar. Og no har også Spotify stadfesta overfor VG at låten er den første norskspråklege songen som har nådd denne milepælen.

Her kan du prøva deg på kvissen vår: Er du ein ekte Marcus og Martinus-fan?