Det amerikanske skipet er verdas største hangarskip, og det er no på sin første lengre seglas, skriv Forsvarets forum. Mannskapet består av 4 500 menneske – og hunden Sage. For første gong har nemleg eit amerikansk krigsskip med seg ein hund som skal minske stresset.
Spesialtrena stressmeistrar
3 år gamle Sage har trena på dette oppdraget sidan ho var 8 veker gammal, skriv Stars and Stripes, som er avisa til det amerikanske forsvaret.
Ho har øvd seg på å bruke stigar som finst på skip, og ho er trena for å roe ned pusten til soldatane. I tillegg har ho lært korleis ho skal kjenne igjen soldatar som treng ekstra merksemd, til dømes viss dei lengtar heim.
– På mange måtar bidrar Sage til å gjere livet meir normalt. Akkurat som folk har kjæledyr heime, er det ein del av eit normalt liv vi no kan tilby på sjøen, seier skipspresten Genevieve Clark.