Koalabjørnar blir vaksinerte

Australske forskarar skal vaksinera koalabjørnar mot ein daudeleg sjukdom.

Forskarane skal fange bjørnane for å vaksinera dei mot sjukdommen som kan vera dødeleg for dei, skriv Gizmodo. Etter vaksinasjonen blir koalaane sloppe fri igjen.

I nokre delar av Australia kan så mange som 90 % av alle koalabjørnar vera smitta, skriv GE.

Klamydia er ein sjukdom som blir spreidd gjennom nærkontakt med slimhinner. Sjukdommen blir gjerne kalla ein seksuelt overførbar infeksjon, fordi den oftast smittar gjennom samleie. Det er òg mogeleg for babykoalaar å bli smitta. Sjukdommen kan vera dødeleg for dei små bjørnane.

Menneskje kan òg få klamydia. Utan behandling kan den vera farleg for menneskje, men den er lett å behandla med antibiotika.

I nyare tid har talet på koalabjørnar gått jamt nedover, i fjor vart dei erklært utryddingstrua av australske myndigheiter. Grunnane til nedgangen i populasjonen er blant anna klimaendringar, som leier til skogbrannar og tørke.