Eurovision-Alessandra: − Eg vart mobba

I eit nytt intervju fortel Eurovision-finalist Alessandra Mele (20) at ho vart mobba som barn.

Den vonde erfaringa har medverka til at Alessandra no deltek i Eurovison, fortel ho til musikkmagasinet New Musical Express.

– Eg vart mobba som barn. Eg hugsar at eg tenkte; «OK, eg orkar ikkje dette meir. Eg må komma meg vekk herfrå». Og den avgjerda endra heile livet mitt. Eg fekk mykje sjølvtillit av det, og eg trur dette er den viktigaste årsaka til at eg er den eg er no, seier Alessandra i intervjuet.

Inspirert av eigne erfaringar

Ho fortel også at songen «Queen of Kings» er inspirert av hendingane i barndommen. Erfaringa med mobbinga gjorde at ho ville dela ein bodskap om motstandskraft i songen.

– Det representerer nokon – ei dronning som har gått gjennom mykje i løpet av livet sitt, men samtidig lært så mykje av det, seier Alessandra.

Av og til er det vanskeleg

Ho fortel at ho snakkar om seg sjølv når dronninga i songen taklar sine eigne problem på ein direkte måte.

– Eg ser meg sjølv i henne. Eg trur mange kan sjå seg sjølv i «Queen of Kings» fordi alle går gjennom sitt – og nokre gonger er det vanskeleg å stå i det, seier ho til magasinet.