Elefanten Pang Pha har lært å skrelle bananar

Forskarar trur elefanten er inspirert av dyrepassarane sine.

Elefanten i dyreparken i Berlin bruker snabelen slik dyrepassarane bruker hendene når dei et banan. Skalet må av først før bananen kan etast. Forskarar trur derfor at Pang Pha har lært kunsten å ta av bananskal ved å studere menneske, skriv Ung.Forskning.no.

Pang Pha skreller berre gulbrune bananar. Viss ho får ein grøn eller ein gul banan, et ho heile bananen med skalet på. Brune bananar, derimot, slepp ho på golvet eller kastar tilbake på dyrepassaren.

Skreller berre åleine

Pang Pha skreller berre bananar åleine. Zoolog Petter Bøckman trur at Pang Pha kanskje kjenner på gruppepress frå dei andre elefantane.

– Sjå for deg at du har ein spesiell måte å røre i kaffien på, som er litt snodig. Du synest det er morosamt, men det er litt snodig. Når du drikk kaffi med andre, blir det flaut å røre på din rare måte, og du vel å gjere det alle andre gjer i staden. Det er dette som er sosialt gruppepress, seier han til Ung.Forskning.no.