PRESS-leiaren: – Du har rett til å tru på det du vil

Alle barn har rett til å tru og tenkja på det dei sjølv ønskjer, og bli respektert for det. Det står i FNs barnekonvensjon. PRESS-leiaren seier det er mange barn og unge som ikkje får oppfylt denne retten i Noreg i dag.

– I Noreg har me ein ide om at barn sine rettar står veldig sterkt. Det står jo i norsk lov at barn skal vera fri til å tru på det dei vil. Men, mange barn og unge får ikkje oppfylt denne retten, fortel Isaac Elstad Røssnes som er leiar i PRESS.

Han meiner at barn og unge ikkje er heilt fri til å velja kva dei skal tru på.

– Det er eit generelt problem at barn og unge ikkje får sine meiningar respektert. Mange får beskjed om at dei ikkje er gamle nok til å meina noko om kva dei skal tru på. Men, alle barn har rett til å bli høyrt og respektert, seier Isaac.

INGEN TVANG: Det er viktig å vera klar over at det ikkje er lov å tvinga eit barn til å ha, eller til å praktisera, ein bestemd religion eller eit bestemt livssyn, skriv Ung.no. Foto: Pixabay

Vanskeleg regel

Når du fyller 15 år står du fritt til å melda deg ut og inn av livssynsorganisasjonar.

– Dersom du til dømes ikkje vil vera medlem av statskyrkja når du er 13 år, kan du ikkje melda deg ut utan foreldra sine sitt samtykke.

Isaac meiner denne regelen gjer det vanskeleg for barn og unge å utforska andre livssyn.

– Barnekonvensjonen seier at barn kan tenkja og tru på det ein vil, men i praksis kan ein ikkje det når ein ikkje kan bestemma sjølv før ein er fylt 15 år.

Foreldre som trur

PRESS-leiaren opplever at mange foreldre vil at barna deira skal tru på det same som dei sjølv gjer.

– Mange foreldre involverer veldig unge barn i eiga tru. Då har ikkje barna høve til å forstå kva dei er ein del av. Til dømes når eit barn blir døypt. Det kan ikkje barnet seia aktivt ja til. Eg meiner at tru og livssyn er veldig personleg, og at ein bør få finna ut av det sjølv.

Han trur barn og unge blir påverka av foreldre si tru fordi ein er avhengig av dei.

– Foreldre blir ofte viktige rollemodellar. Det gjer at det kan bli veldig vanskeleg å seia «nei, det trur ikkje eg på» til dei, seier Isaac.