3 om tru

Framtida Junior har snakka med Laurits, Kine og Lamija om deira tru som ateist, buddhist og muslim.

Foto: Mathopen skule

Laurits Stalheim Angelfoss (10)

Kva tru har du? 
– Eg er ateist. Eg har sett på dei ulike religionane og tenker at eg ikkje trur på nokon av dei. Siden eg ikkje har ein religiøs familie, så kjente eg at det var rett for meg å vera ateist.

Kva er det finaste med livssynet ditt?
– Eg treng ikkje følge spesielle reglar når det gjeld kva et et eller kven eg skal be til. Eg treng heller ikkje gå med religiøse klede.

Føler du deg fri til å tru på det du vil?
– Ja, det gjer eg.

Foto: Mathopen skule

Kine Nguyen (10)

Kva tru har du?
– Både foreldra mine og eg er buddhistar.

Kva er det finaste med religionen din?
– Eg synast buddhisme er ein koseleg religion. Alle trur på gjenføding. Eg likar tanken på at me kjem tilbake og lever fleire liv.

Føler du deg fri til å tru på det du vil?
– Ja.

Foto: Mathopen skule

Lamija Ikic (11)

Kva tru har du?
– Eg er muslim.

Kva er det finaste med religionen din?
– Når me feirar id eller når me ber. Å feire id er gøy! Det er mykje god mat, fin musikk og me feirar at fasten er over. Eg skal faste for første gang i år.

Føler du deg fri til å tru på det du vil?
– Eg gjer det. Alle i familien min er muslimar, og det er eit vanleg livssyn i Bosnia-Hercegovina der eg kjem ifrå.


PRESS-leiar Isaac Elstad Røssnes meiner at mange norske barn ikkje er fri til å velja kva dei skal tru på. Foto: Privat