Fleire ville pattedyr kan vera bra for klimaet

Ein ny studie, utført av femten forskarar frå åtte ulike land, slår fast at større stammar av ville pattedyr kan vera eit svært effektivt klimatiltak. I Noreg gjeld dette til dømes ulv og moskus.

Studien er utført av femten forskarar frå åtte land og er publisert i tidsskriftet Nature Climate Change, skriv Nationen.

– Ved å verna og styrkja populasjonar av artar med særleg positiv innverknad på karbonkretsløpet, kan me betra naturen si eiga evne til å fanga og lagra karbondioksid, seier Joris Cromsigt, medforfattar og forskar ved Sveriges landbruksuniversitet (SLU).

GIF: Giphy.com