Mange britiske lærarar blir utsette for vald

13 prosent av britiske lærarar fortel at dei har vorte fysisk overfalne av elevar det siste året. I Noreg er også vald mot lærar i skulen eit stort problem.

Ei ny undersøking frå Storbritannia viser at mange lærarar er utrygge når dei går på jobb.

Fagforeininga NASUWT har utført undersøkinga som mellom anna viser at 28 prosent av lærarane har opplevd å bli skjelt ut av foreldra til elevane. 58 prosent av dei 8.500 som har delteke i undersøkinga seier dei også har opplevd å bli skjelte ut av elevar det siste året, skriv NRK.

22 prosent opplyser at dei har vorte dytta av elevar og 19 prosent har vorte trua med vald.

Lærarar fortel om slag, spark og bit, og nærare halvparten av dei spurde meiner at ordensreglane til skulane ikkje er tilstrekkelege for å få ein slutt på valdsbruken, skriv ABC Nyheter.

Vald i norsk skule

Også i Noreg er vald i skulen eit stort problem.

Ifølgje ein rapport frå Statens arbeidsmiljøinstitutt har lærarar på 1. til 10. trinn over fire gangar så høg risiko for å bli utsett for vald og truslar samanlikna med andre yrkesgrupper.

Elevar slår, sparkar, luggar og spyttar. Dei kastar sakser, passarar og spisse gjenstandar på lærarane sine, skreiv NRK i ein artikkel publisert i mars i år.

GIF: Giphy.com