Mange lærarar blir utsette for vald

Tilsette i skulen opplev truslar og vald på arbeidsplassen.

Ein av fire lærarar i grunnskulen har opplevd vald og truslar visar ein ny rapport, skriv NPK.

Rapporten viser til at tilsette ved fleire skular ikkje har fått god nok opplæring i førebygging og handtering av vald og truslar.

– Ein har ikkje tid til å gjera så mange vurderingar når ein står i situasjonen, fortel Ida Aagaard frå Arbeidstilsynet.

Aasgaard fortel at det er vanskeleg å vita kva ein skal gjera når ein hamnar i skumle situasjonar.

Arbeidstilsynet set no i gang ein kampanje for å gjera kvardagen betre for lærarar og andre tilsette i skulen.

Les også: Fleire elevar melder inn mobbesaker