Kraftig avskoging i Brasil trass i løfte frå den nye presidenten

Avskoginga i Amazonas dei tre første månadene av 2023 er blant dei verste i Brasil nokosinne.

FAKTA: Amazonasregnskogen
  • Amazonasregnskogen er den største regnskogen i verda og ligg i Sør-Amerika.
  • Området er på 5,5 millionar km². Ifølgje World Wildlife Fund er halvparten av jordas regnskog å finna i Amazonas.
  • Skogen dekkjer område i ni ulike land (Brasil (60 %), Colombia (10 %) og mindre andelar i Peru, Venezuela, Ecuador, Bolivia, Guyana, Fransk Guyana og Surinam)
  • Amazonas har eit stort artsmangfald. Berre i brasiliansk Amazonas finst ein seksdel av den registrerte plante- til heile kloden, fiske-, fugle- og dyreartar.

(Kjelde: Wikipedia)

LES FAKTALUKK FAKTA

Trass i klimaløfte frå den nye presidenten i Brasil, forsvinn meir og meir skog på satellittbileta frå romfartsorganisasjonen INPE. Bileta viser at 356 kvadratkilometer av regnskogen i Amazonas vart øydelagd i mars. Det er ein auke på 14 prosent frå mars 2022, då klimaskeptikaren Jair Bolsonaro var president i landet, skriv NRK.

Etter valsigeren i Brasil lova president Luiz Inácio Lula da Silva å stansa øydelegginga av regnskogen fullstendig, men det ser ikke ut til presidenten har tenkt å halda løftet han har gitt.

Det var NTB som fyrst omtala saka.

TRIVST: Maurslukarar bur i regnskogen. Dei lever av insekt, hovudsakleg maur og termittar. GIF: Giphy.com