Eit falskt nyheitsoppslag starta tradisjonen

«Fake news» får æra for å ha sparka i gang krimtradisjonen i påska. I år er det 100 år sidan påskekrimmen dukka opp i Noreg.

Denne saka er henta og korta ned frå Framtida.no.

Påske og krim går hand i hand i Noreg. TV-kanalar og strøymetenester sender seriar om drap og detektivar, mysterium prydar mjølkekartongen, og krimbøker er den desidert mest populære boksjangeren i påskeferien.

Men visste du at påskekrim faktisk er eit særnorsk fenomen?

Andre stadar i verda er det som regel sommaren som er hovudsesong for krim. Det heng saman med at folk har fri og tid til å bruka tid på underhaldning.

Genial marknadsføring

Me reknar at tradisjonen med påskekrim har bakgrunn i ein særs vellukka reklamekampanje for krimromanen «Bergenstoget plyndret inat», som kom ut i 1923.

Romanen er skriven av dei unge studentane Nordahl Grieg (1902–1943) og Nils Lie (1902-1978), og vart gjeven ut med kallenamnet Jonathan Jerv som forfattar.

Aftenposten-framside med tittelen "Bergenstoget plyndret inat!"
Tilleggssopplysninga «Pris 2 kroner, Gyldendal», var ikkje lett å oppdage. Bilete: Aftenposten/Faksimile. Lisens: Falle i det fri (Offentleg eigedom)

Boka blei kunngjort med eit oppslag på framsida av Aftenposten laurdag 24. mars 1923, dagen før palmesøndag, med det som ser ut som ei ekte avisoverskrift øvst på første side.

Oppslaget fekk det til å sjå ut som om Bergenstoget faktisk hadde blitt plyndra på ekte, for det var ikkje så lett å oppdage «Pris 2 kroner, Gyldendal» i lita skrift. NSB og avisene skal ha blitt ringt ned av uroa lesarar som ville høyre kva som hadde skjedd.

Handlinga i boka er òg lagt til påska og skjer på påskefjellet ved Haugastøl.

No, 100 år seinare er ikkje sjølve påskehøgtida så viktig i handlinga i krimmen, men krimmen har festa seg som ein essensiell del av påska.

Kampanjen kan òg seiast å ha blitt ein suksess for dei pengelense studentane som skreiv boka og for forlaget. Då påska var over hadde dei seld heile 7000 utgåver av boka.

TV-detektiven

Trass i at ein gjerne reknar «Bergenstoget plyndret inat» som startskotet for påskekrimtradisjonen, peikar krimekspert Nils Nordberg på at det var ei gradvis utvikling.

Tradisjonen med krimseriar på TV går ikkje like langt tilbake. Påskekrim-omgrepet på TV blei brukt no og då utover 1970-talet, men i 1977 lanserte NRK ein «påskekrim» om Lord Peter Wimsey. Serien blei send i fire delar frå onsdag til påskeaftan.

Året før hadde Wimsey, som er Dorothy L. Sayers sin amatørdetektiv, fylt sendeskjemaet i fjernsynet etter same mønster, men då utan at dei kalla det ein «påskekrim». Me reknar difor at NRK har sendt påskekrim heilt sidan 1976.

Kollasj av detektivane i dei ulike seriane.
Etterforskarane Vera og Perez er tilbake på NRK i påske. På TV 2 må irske Emer Berry jobbe med kollegaar i Belgia for å hindre terroråtak. Hjå Viaplay kan du strøyme serien «Dublin Murders», som er basert på boka «Skogen». Foto: BBC, ITV Studios, Bernard Walsh/AcornTV, Viaplay, kollasj Framtida.no

Plyndra igjen

I mange år har Gunnar Staalesen og Arild Midthun sine teikneseriemysterium på mjølkekartongen vore faste innslag i påskekrimmen. Han er no bytt ut hjå Tine, men i samband med påskekrimmens 100-årsjubileum, har dei laga ei stripe på mjølkartongane til Møllerens i år.

Krimmen er sjølvsagt inspirert av krimboka som sette det heile i gang i 1923. Men, denne gongen er det ikkje Bergenstoget som er plyndra, no er nemleg «Bytrikken plyndret i natt». Staalesen fortel til BA at det er førsteutgåva av romanen frå 1923 som er stelt, og detektiv Ulf Ulvheim må løyse saka.

Les også: Boktips med grøss og gru til påskeferien